Prosjekter: Maritim

Finansiering frå Eksfin var viktig då Brødrene Aa i Nordfjord fekk kontrakt med greske Attica Group: No er den siste av tre hurtigbåtar levert frå verftet

Verftet Brødrene Aa har bygd tre miljøvennlege hurtigbåtar til den største ferjeoperatøren i Hellas, Attica Group. I sommar blei den tredje og siste båten levert frå det norske verftet. Dei tre hurtigbåtane frå Brødrene Aa blei sette i drift i sommar, og fraktar no passasjerar mellom Pireus og ulike hamner i Saroniabukta i Hellas.

Siste hurtigbåt fra Brødrene Aa er levert til Attica Group

Fakta:

Utanlandsk kunde: Attica Group

Leverandør: Brødrene Aa

Produkt: Tre hurtiggåande katamaranar

Finansiering: Låneavtale med Eksfin på 10,29 millionar euro med 12 års nedbetalingstid. Lånet blir samtidig garantert av Eksfin

Hyevegen 1775, 6829 Hyen, Norge

Kjøparfinansiering var viktig for å få kontrakten til Noreg

Attica Group har betalt 21 millionar euro, rundt 220 millionar kroner, for dei tre fartøya. Kjøpet er finansiert med lån og garanti frå Eksportfinansiering Norge og den greske banken Alpha Bank.

Attica Group finansierer kjøpet med lån på totalt 14,7 millionar euro. Av dette yter Eksfin 70 prosent (både lån og garanti), og den greske banken Alpha Bank står for resten.

Den norske kjøparfinansieringa gjennom Eksfin var ei viktig brikke for å komme i mål med forhandlingane om leveransen av dei tre båtane. Det er kjekt å vite at vi har konkurransedyktige finansieringsløysingar for å fremje norsk eksport.
Tor Øyvind Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa

For eit norsk selskap som Brødrene Aa, som konkurrerer i ein internasjonal marknad med tøff konkurranse, er det ein fordel å kunne tilby potensielle kjøparar ein pakke som også består av ei god finansieringsløysing. Dette gir norske verft eit fortrinn framfor verft i andre land som ikkje tilbyr slik finansiering. På denne måten motiverer den norske kjøparfinansieringa utanlandske kjøparar til å velje norske leverandørar av varer og tenester.

Solveig Frøland, seksjonsleiar maritim og verft i Eksfin

Bevisst miljøstrategi

Attica Group er ein stor ferjeoperatør i Middelhavet og opererer rundt 60 destinasjonar i Hellas, Italia, Marokko og Spania. Selskapet har ein svært bevisst miljøstrategi og har implementert ei rekkje initiativ knytt til energiforbruk, luftkvalitet, avfallshandtering og vassutslepp.

Brødrene Aa, som har verft i Hyen i Nordfjord, har dei siste 20 åra spesialisert seg på bygging av energieffektive hurtigbåtar i karbonfiber. Dei tre hurtiggåande katamaranane som Attica bestilte, er 36 meter lange og har ein kapasitet på 150 passasjerar. Dei opererer med ein maksimal fart på 34 knop. Konstruksjonen til båtane er av karbonfiber, eit svært lett materiale som bidreg til redusert drivstofforbruk. I tillegg er båtane utstyrte med solcellepanel på heile øvre dekk.

Les meir om kjøparfinansiering

Solcellepanela bidreg til endå meir energieffektiv drift. Passasjerdekket på båtane har også universell utforming, slik at fartøya skal vere greie å bruke for alle.

Tor Øyvind Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa