Prosjekter: Miljøteknologi

Vårgrønn og Flotation Energy utviklar flytande havvind i Skottland med garantiar frå Eksfin

Norske Vårgrønn i konsortium med skotske Flotation Energy er tildelt einerett til utvikling av to flytande havvindparkar utanfor Aberdeenshire i Skottland. Eksfin stiller garantiar på vegner av Vårgrønn.

Rettigheter: Floatation Energy. Vindparkane vil bli blant dei første storskala flytande havvindprosjekta i verda.

Fakta

Kunde: Vårgrønn og Flotation Energy Ltd.

Prosjekt: Vårgrønn og Flotation Energys forundersøkingar til dei to flytande havvindparkane Green Volt og Cenos.

Eksfins bidrag: Kontragaranti som dekkjer 50% av DNBs risiko. Eksfins del er maksimalt GBP 25 millionar. Ein kontragaranti inneber at Eksfin tek risiko på ein garanti stilt av ei anna finansverksemd.

Aberdeen, Storbritannia

Blant dei første flytande havvindprosjekta i verda

Havvindparkene Green Volt og Cenos vil bli blant dei første storskala flytande havvindprosjekta i verda.  Prosjekta er no i ein utviklingsfase der ein mellom anna skal gjennomføra grunnundersøkingar og vindmålingar. Green Volt planlegg å levera første straum i 2029, etterfølgd av Cenos i 2030.

–Vindparkane me utviklar no utanfor Skottland er blant dei mest avanserte flytande havvindprosjekta i Europa. Eksfin sin garanti gjer det mogleg å halda fram med å utvikla desse prosjekta som vil spela ei nøkkelrolle i energiomstillinga, seier Olav Hetland, administrerande direktør i Vårgrønn.

Eksportbedrifter må stilla garantiar

Internasjonale kundar krev ofte garantiar frå leverandørane sine. Garantiane kan dekkja ulike typer risiko knytt til kontrakten. kunden. Kjøparen krev ofte garanti for tilbakebetaling av forskot og ekstra kompensasjon dersom ikkje eksportøren oppfyller kontrakta (performancegaranti).

Det er banken til eksportøren som stiller slike garantiar på vegner av eksportøren. Banken tek dermed på seg risikoen og tek betalt for det.

Banken kan velja å dela denne risikoen med andre bankar, eller med Eksfin.

Fornybar energi til det britiske straumnettet

Vindparkane vil levera straum til det britiske straumnettet, og til olje- og gassplattformer. Med straumproduksjon frå havvind vil ein betydeleg redusera karbonutslepp frå plattformene. Vindparkane er estimerte å få ein produksjonskapasitet på opptil høvesvis 560 MW og 1400 MW. Dei to vindparkane vil ha opp til 135 turbinar til saman.

Finansiering støttar veksten i vindkraftindustrien

Under utvikling er det betydeleg moglegheiter for bruk av norske leverandørar. Flytande havvind er i ein tidlegfase, men Menon Economics har estimert at den årlege globale omsetninga i denne marknaden vil liggja i eit intervall mellom 430 milliardar kroner og 689 milliardar kroner i 2050.

–Når Eksfin dekkjer delar av risikoen til banken, får banken høve til å utvida kredittrammen overfor selskap dei arbeider med. Eksfin tek delar av eksponeringa til banken som blir erstatta av ein norsk statsgaranti. Eksfin kan vurdera alle typar garantiar som banken er villig til å stilla, så lenge selskapa operer i verdikjeder som kan knytast til eksport, seier Frende Raaen

–Transaksjonen bidreg til at Vårgrønn kan ta ein tidleg posisjon i ein marknad som blir stor vekst spådd og kor norsk industri har mykje potensiale til å bli ein viktig aktør, seier Raaen.

Les meir om Eksfin sine garantiar overfor Scatec sitt solkraftverk i Brasil og garantiane me stilte overfor Seaway 7s kabelinstallasjonar i Taiwan.

Les også meir om eksfins kontragarantiar. Eksfin kan mellom anna hjelpa til med anbodsgarantiar, forskotgarantiar, ferdigstillingsgarantiar og performancegarantiar.

Les mer om: