Nyheter: Fiskeri og havbruk

Milliardvekst med eigen filetfabrikk

I ÅLESUND: Denne veka møtte Ove Thu i Blue Resource Group Eksfin-sjef Tone Lunde Bakker i samband med 20-årsmarkeringa til Ålesund-kontoret. Selskapet er mellom mange bedrifter i regionen som har fått draghjelp frå den statlege forvaltingsbedrifta. Foto: Marius Rosbach
I ÅLESUND: Denne veka møtte Ove Thu i Blue Resource Group Eksfin-sjef Tone Lunde Bakker i samband med 20-årsmarkeringa til Ålesund-kontoret. Selskapet er mellom mange bedrifter i regionen som har fått draghjelp frå den statlege forvaltingsbedrifta. Foto: Marius Rosbach

Då Eksfin sa ja til å dele på risikoen ved nysatsing, fekk Ove Thu grønt lys frå banken. Det ber frukter.

Denne artikkelen ble først publisert i Nett.no av journalist Marius Rosbach, 16. mai 2025.

Med Eksfin på laget kom ei løysing på bordet

Blue Resource Group i Ålesund driv med eksport og sal av fisk gjennom dotterselskapa Villa Seafood og Seafood Brands. I tillegg driv dei foredling ved fabrikkar i Troms og Nittedal. 

Å etablere den sistnemnte fabrikken for laksefiletering i Romerike-kommunen på Austlandet var likevel ikkje heilt enkelt. 

– Ikkje alle synest det var ein god ide, mellom anna banken vår, fortel Ove Thu til Nett No. Han er dagleg leiar og største aksjonær i Blue Resource Group. 

Etter å ha vore i kontakt med Eksfin sine folk på Ålesund-kontoret, kom ei løysing på bordet. Dei statlege finansieringshjelparane kunne gå inn å garantere for halvparten av investeringa. 

– Då gjekk eg til banken og spurte: «Kva om Eksfin tek 50 prosent av risikoen. Er dokke med då?» Og det var dei, seier Thu. Slik vart Filetfabrikken – som også er namnet på selskapet – etablert i Nittedal. 

Filetfabrikken Blue Resource Group foto Filetfabrikken

KRING 100 TILSETTE: Filetfabrikken i Nittedal har kring 100 tilsette frå 28 ulike nasjonalitetar. Lokaliseringa har vist seg å vere smart for rekrutteringa. Foto: Filetfabrikken

Milliardvekst på få år

Produksjonen på Filetfabrikken blei starta midtvegs i 2023 og fjoråret var dermed det første heile driftsåret. 

Satsinga med eige foredling viser godt igjen i rekneskapen til konsernet. I 2023 omsette Blue Resource Group for knappe 1,2 milliarder. I fjor steig inntektene til 1,7 milliardar. I år reknar Thu med at dei passerer to milliardar kroner. 

– Du kan seie at vi brukte 16-17 år på å nå éin milliard, og deretter tre-fire år på å nå to milliardar i omsetning. Og det er delvis takka hjelpa frå Eksfin, seier Thu. 

Tilbod for bedrifter med høg eksport

Bedrifta kom innunder ei ordning der bedrifter kan få hjelp til investeringsfinansiering frå Eksfin. 

Den er tilgjengeleg for bedrifter som anten allereie eksporterer meir enn 50 prosent av omsetninga – eller kjem til å gjere det som følgje av investeringa. 

Eksfin-sjef Tone Lunder Bakker var med å markere 20 årsjubileum for Ålesund-kontoret for Eksfin denne veka. Då viste ho mellom anna til sjømatbransjen som ei næring ho hadde stor tru på framover. 

Eit godt val for rekrutteringa

Fabrikken til Blue Resource Group i Nittedal er på kring 5000 kvadratmeter. På taket er det installert over 2200 solcellepanel som gjer bygget meir eller mindre sjølvforsynt med straum, fortel Thu. 

At laksefiletfabrikken hamna i Nittedal var delvis eit utslag av tilfeldigheiter. Etter halvanna års drift, viser det seg å ha vore eit godt val – ikkje minst når det kjem til rekruttering. 

– Nittedal er innafor kollektivtransporten i Oslo, slik at dei tilsette kan ta buss. Det har vist seg å vere ganske viktig, fortel Thu. 

Dei kring 100 tilsette på fabrikken kjem frå 28 ulike nasjonalitetar. Dei sørgjer for at fersk oppdrettslaks blir filetert og pakka før den blir sendt vidare ut i verda.

Les heile artikkelen på Nett.no.