Prosjekter: Eksport

Eksfin og Innovasjon Noreg finansierer Nordic Halibut med til saman 178 millionar kroner

Kveiteoppdretsselskapet Nordic Halibut på Averøy i Møre og Romsdal får lånefinansiering på 102,5 millionar kroner frå Innovasjon Noreg og 75 millionar kroner frå Eksportfinansiering Norge (Eksfin) til investering og drift av nytt landbasert setjefiskanlegg på Tingvoll.

Rettigheter: Nordic Halibut. Anlegget på Tingvoll blir bygd i nærleik til Nordic Halibuts sjølokalitetar på Nordmøre.

Kunde: Nordic Halibut
Anlegg: Setjefiskanlegg på land for kveite og oppbygging av biomasse ved Tingvoll
Finansiering: Eksfin stiller eit langsiktig lån etter ferdigstilling der lån frå Eksfin dekkjer mnok 26 av investeringsfinansieringa. SR-bank og Sparebank1 Nordmøre stiller mnok 13 kvar.
I tillegg gir Eksfin ein arbeidskapitalgaranti for 50 millionar av kassekreditt.

Tingvoll, Norge

Større kapasitet og høgare kvalitet

På Tingvoll i Møre og Romsdal byggjer Nordic Halibut eit nytt setjefiskanlegg for å sikra tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet på yngelproduksjonen, og samtidig utvida moglegheita for vidare biologisk utvikling. Dette anlegget vil spela ei avgjerande rolle i å redusera risikoen knytt til framtidige produksjonssyklusar og er heilt sentralt for at selskapet skal nå vekstmål og lønnsemd. No har selskapet sikra meir kapital frå Innovasjon Noreg og Eksfin til investeringar og drift.

Dette er døme på eit prosjekt Noreg treng fleire av i åra som kjem. Kveiteoppdrett har potensiale i seg til å bli ein viktig vekst- og eksportnæring for regionen vår og for Noreg som nasjon. Innovasjon Noreg har støtta selskapet i tidlegare prosjekt, og me har stor tru på at dette prosjektet vil hjelpa selskapet å ta nye steg, seier Helge Gjerde, regionsdirektør for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal.

-Det er viktig for Eksfin å støtta opp innovative selskap som driv utviklinga i havbruksnæringa framover. Havbruksnæringa er spesielt eksportretta, har store vekstmoglegheiter og er ein svært viktig industri for Noreg. Eksfin ønskjer også å støtta selskap som er underleverandørar til eksportørar, seier Tone Lunde Bakker, administrerande direktør i Eksfin.

Administrerande direktør i Nordic Halibut, Edvard Henden, er glad for at prosjektet no kan realiserast:

-Me takkar Innovasjon Noreg, Eksfin, SR-Bank og Sparebank1 Nordmøre for deira samarbeid for å realisera anlegget på Tingvoll. Produksjonen av berekraftig kveite i industriell skala representerer ei unik moglegheit, og me er fornøgde med å observera at desse sterke finansinstitusjonane deler visjonen vår, seier administrerande direktør Edvard Henden.

Auka etterspurnad etter Kveite

Kveite er eit produkt av høg kvalitet og etterspurnaden har stige markant dei siste åra, med ein stadig større aksept for oppdrettskveite blant konsumentar. I USA har mellom anna etterspurnaden auka med 14 prosent kvart år i perioden 2010-2020. Kveite er ein relativt ny art i kommersielt oppdrett, men gjennom den unike kompetansen innan akvakultur lokalt og nasjonalt, målretta avlsprogram og teknologiutvikling har produksjonstida gått ned og volum og kvalitet har stabilisert seg.

Menon Economics påpeika nyleg at 92% av omsetninga i den norske havbruksnæringa mellom 2018-2021 stamma frå eksport.  Dei store framstega selskap som Nordic Halibut gjer støtter målet til regjeringa om vidare kommersialisering av nye oppdrettsartar og bidreg til auka vekst og eksport.

Med det nye anlegget vil selskapet ha kapasitet til å setja ut over 2 millionar fisk i havet årleg, som vil gi eit haustevolum på 10 000 tonn, ei dobling av noverande produksjon.

Miljø- og samfunnsmessig berekraftig

Anlegget på Tingvoll blir bygd i nærleik til Nordic Halibuts sjølokalitetar på Nordmøre. Dette mogleggjer ein logistikk som reduserer klimaavtrykket og aukar kvaliteten på produktet. Vatn til anlegget blir henta frå 220 meters djup og er perfekt eigna for landbasert kveiteproduksjon utan behov for avansert teknologisk vassbehandling eller oppvarming. Dette gjer anlegget energieffektivt i tillegg til å minimera teknologisk risiko gjennom heile produksjonssyklusen. Prosjektet bidreg også positivt til sysselsetjinga og teknologiutvikling i distrikt både via selskapet og underleverandørane. I tillegg vil det bidra til å forsterke den marine klyngja langs Mørekysten.