Prosjekter: Maritim

Eksfin stiller byggjelångaranti når Myklebust Verft byggjer fiskebåt til Sunbeam

Byggjelångarantien er gitt til Sparebanken Møre for Bygging av ein ny trålar for skotske Sunbeam Fishing Ltd.

Rettigheter: Salt Ship Design
Rettigheter: Salt Ship Design

Kunde: Myklebust Verft

Behov: Betre tilgang til finansiering

Produkt hos Eksfin: Byggjelångaranti

Finansieringen mogleggjer: Bygging av ein ny trålar for skotske Sunbeam Fishing Ltd. Byggjelångarantien er gitt til Sparebanken Møre. Eksfin si garantidekning er på 70% av lånet.

Konkurransedyktig finansiering av kostnader i byggjeperioden

Ein byggjelångaranti sikrar bankane tilbakebetaling av lån som blir utskrive til norske verft i samband med finansieringa til verftet av nye skip. Garantien kan også gjelda for ombyggingar og for lån til norske produsentar av havinstallasjonar som til dømes vindmøllefundament. Garantien hjelper verftet eller produsenten å sikra konkurransedyktig finansiering av kostnader i byggjeperioden.

Pelagisk trålar som skal byggjast ved Myklebust Verft

Eksfin har utferda byggjelångarantiar til Sparebanken Møre for ein pelagisk trålar som skal byggjast ved Myklebust Verft. I september i fjor teikna Myklebust Verft ein skipsbyggingskontrakt med skotske Sunbeam Fishing Ltd. for ein ny trålar. Dette er Myklebust si fyrste nybyggingskontrakt på fleire år. Fiskebåten til Sunbeam vert kalla ein standard pelagisk trålar. Fartøyet skal leverast i januar 2026.

Mykje norsk utstyr om bord

Der er mykje norsk utstyr om bord, trustere, gir og propellar frå Brunvoll, fiskehandteringssystem frå MMC, vinsjepakke frå Entec og mykje innreiingsarbeid frå R&M Interior.

Garantiane frå Eksfin dekkjer både byggjelån til Myklebust og garantiar for reiarane sine innbetalte forskot. Eksfin har mange gonger vore garantist for byggjelån til Myklebust. Verftet er lokalisert i Sande kommune på Sunnmøre.

Gjennom garantiordninga for byggjelån til skip, fartøy og innretningar til havs gir Eksfin risikoavlasting til bankar, og bidreg til at norsk verft, offshoreverksstadar og liknande får betra tilgang på byggjelån.