Prosjekter: Annen industri

Eksfin hjelper norsk oppstartsbedrift som trong arbeidskapital for å vekse

Norske Ocean Visuals i Ålesund er ei teknologisk oppstartsbedrift som har laga ein ubemanna sensor som kan oppdage oljesøl i sanntid. Eksfin stiller med garantiar for å få byggjelånet på plass etter ein tøff oppstart.

Montering av sensoren. Foto: Ocean Visuals

Fakta

Eksportør: Ocean Visuals

Produkt: LIDAR-sensor

Garanti frå Eksfin: produksjonslånsgaranti på MNOK 1 til DNB Ålesund for avlasting av byggjelån på MNOK 2

Eksportøren sitt behov for arbeidskapital var knytt til ein kontraktsspesifikk leveranse til ein internasjonal kunde. I Eksfin heiter dette produktet produksjonslånsgaranti. Garantien blir skriven ut til kunden sin bank, slik at banken kan gi eit byggjelån. Slik kunne Eksfin bidra til at den revolusjonerande teknologien til Ocean Visuals ikkje vart stoppa allereie i oppstarten.

– I utgangspunktet er det enormt ressurskrevjande å starte ei bedrift med heilt ny teknologi. Så kom covid-19 med nye utfordringar, og på toppen av dette har vi nokre komponentar som vart produserte i Ukraina. Vi har verkeleg fått testa oss sjølv.

Men gjennom alt dette har kunden vår, Petrobras, vore tydelege på at dei står ved sin del av avtalen, og at dei ønskjer seg sensorane våre så sterkt at dei heller vil vente litt enn å avbestille. Det var verkeleg aldri noko tema, fortel Christian Testman.

Produksjonslånsgarantien frå Eksfin var utløysande for at DNB Ålesund kunne stille med byggjelån. Det er slik Eksfin fungerer. Eksfin hjelper banken med risikoavlasting, slik at SMB-ar kan få meir lån.

– Skalering er eit problem for fleire SMB-ar i Noreg, og det er viktig å understreke at Eksfin kan bidra med risikoavlasting for banken i slike situasjonar. Det kan igjen bli den utløysande faktoren for finansieringa, seier avdelingsdirektør for SMB i Eksfin Ivar Rekve.

Skal finne oljesøl

Ocean Visuals er ei norsk teknologibedrift som har utvikla sensorar som kan oppdage oljesøl i sanntid. Dei har laga sensorar for autonom bruk frå fartøy, rigg og bøyer og har patentert teknologien i USA. I tillegg har dei utvikla sensorar for bruk om bord i fly, helikopter og dronar. Samarbeidspartnar for flyovervaking er Norwegian Special Mission på Gardermoen.

Ocean Visuals vart oppretta i 2015 etter at det vart planlagt utlysing av konsesjonar for leiting etter olje i nordområda. Bedrifta arbeidde for fullt med produktutvikling og testing og hadde akkurat inngått sin største avtale då pandemien kom og det vart full stopp.

Men avtalen med Petrobras vart ståande, i tillegg til mange andre spennande samarbeid som er på trappene. Sensorane har vore testa på alt frå Hurtigruten til helikopter, og det er ikkje berre oljesøl dei kan oppdage. Dei kan også finne ut kven som står bak utsleppa.

SMB – ein prioritet

Eksfin har sidan oppstarten prioritert SMB-ar. Ifølgje Hurdalsplattforma er dette også noko regjeringa prioriterer tydeleg.

– Eksfin har ei eiga avdeling for SMB-ar og ønskjer å hjelpe så mange bedrifter som mogleg. Her er det berre å ta kontakt for å sjå kva vi kan bidra med, seier Rekve.